[email protected]


Logo
Bli medlem
Klatring

Kretssamling Skiskyting

Forfatter: Ingar Bjørnø

07. november 2016

Klatring
Fotball
Skiskyting
Forside
Bordtennis
News article image

Velkommen til samling og renn i TVSSK.
Rauland 02-04 desember !!
Vi ynskjer velkommen til samling i Rauland for skiskyttarar i 13-årsklassa og oppover.
Overnatting blir i år på Raulandsakademiet.

Påmelding og betaling: innan 23. november. Før opp namn, alder og klubb ved betaling. Meld på til Renate Wibe [email protected].

Pris: 1700 kroner. Betal til konto 2620 42 86557. Dei som nyttar seg av anna overnatting betaler 400 kroner for samlinga. Dei som ynskjer å kjøpe middag på Raulandsakademiet og ete med dei som bor der er velkommen til det. Meld frå til Renathe innan fristen for påmelding. Akademiet vil ha beskjed hvor mange vi blir til mat. 

Program

Fredag:  Oppmøte på Raulandshuset kl.1800. Treningsøkt på ski om det er snøforhold. Rulleski / barmarkstrening om det ikkje er sno.

 Middag på akademiet kl. 20.00

Laurdag  3.desember

Kombinasjonsøkt standplass.

Skitrening/rulleski, teknikk og skikjensle på Vierli/Rauland

Kl. 0800-0900

Frokost på Raulandsakademiet.

Kl. 0930-1200

13 og 14 åringer

15 og 16 åringer

Kl. 1230-1400

Lunsj matpakke på Raulandshuset

Kl. 1400-1630

15 og 16 åringer

13 og 14 åringer

Kl. 1800-1900

Middag på Raulandsakademiet.

Kl.2000-2200

Capture the flag/Bading på Raulandshuset

 

Om det er snøforhold nede på standplass blir det opningsrenn i TVSSK.  Sjå eiga invitasjon.

 

Søndag 4.desember

Kombinasjonsøkt standplass eller renn

Skitrening, teknikk og skikjensle på Vierli

Kl. 0800-0900

Frokost på Raulandsakademiet.

                Utsjekk for dei som bor på Raulandsakademiet er innan kl. 1100.

Kl. 1000-1230

13 og 14 åringer

15 og 16 åringer

Kl. 1300-1400

Frukt/matpakke på Raulandshuset

Kl. 1400-1600

15 og 16 åringer

13 og 14 åringer

 

Ta med:   Treningsklede til innetrening og utetrening, skiutstyr, børse og skot, rulleski, badetøy, drikkebelte, alt du trenger av øvrig stæsj og masse treningsglede og godt humør

Spørsmål:  Ta kontakt med Renathe Wibe tlf.90965980

Dusj: Raulandshuset vil vere ope.

Våpen: Våpen må alltid vere innelåst når dei ikkje er i bruk på treningsøkter. Mogleg å låse inn på Raulandshuset på dagtid.

 

Klubbane må stille med ein vaksen på fire utøvarar for å få dekt lokal transport og løyst alle logistikkoppgåver.

Vel møtt til den tradisjonelle samlinga i Rauland til alle utøvarar og foreldre. Vi håpar på ein tidleg kvit vinter. 0Uansett kjem vi til å få ein triveleg helg med mykje god trening og sosialt samvær med flotte unge idrettsutøvarar på tvers av alder og klubb.

Snorapport kl.0830 4.november for Rauland: 2 cm sno, kanonane går for fullt og Yr melder kaldt ver dei neste ti dagane. Dette lover godt.

 

Venleg helsing

IL Dyre Vaa skiskyting og TVSSK